KristianBogeTveit_001

Liten fiskar med stor laks

6 år gammle Kristian Boge Tveit frå Vaksdal i Hordaland fekk i dag sin første laks på heile 8,2 kg i Toåa. Her ser du ein stolt liten kar med fangsten. Litt arbeid vart det å hale den i land og i følge fiskaren så hoppa laksen 5 gonger og raste ut att minst ein gong, så litt hjelp frå pappa Ørjan måtte til på slutten.

Dette er ei litt artig sak som viser at det skal tidleg krøkjast for å bli ein god krok. Kristian har nok eit godt anlegg til å bli ein ivrig sportsfiskar og har nok fått eit minne for livet i Toåa. Og Todalen elveeigarlag gratulerer med fangsten og minner om at barn under 16 år fiskar gratis i Toåa.
Foto: mamma Elin