Fin vassføring i elva no - ideell for fluefiske hvis du spør!  Foto: Jon Olav Ørsal

Godt fiske – reknar med at det fortsett neste veke også

Så langt i sesongen – etter 19 dager – er det kome på land 53 laksar i Toåa som er meldt inn i Laksebørsen.  Det er eit veldig bra resultat, og når ein tenker på gjennomsnitt vekta så vidt tippar over 5 kg, så må dette være det beste resultatet som er oppnådd «i nyare tid».  Til saman er det 9 laksar som kan klassifiserast som storlaks på over 7 kg og dei to største er på 10 kg kvar.

Mykje snø i fjella har nok lagt godt til rette for god vassføring dei første par vekene, der det jamnt har vore rundt 40 m3/sek og fin blank elv. Da har det vore laksebett, sjølv om det har vore sol og varke dagar på opp mot tretti varmegrader.  Det beste laksebettet har vore i sone 3  (mellom Øyabrua og Brusetbrua) med gode resultat både for Raudåhølen ved utløpet av Raudåa og i Hagan, nedafor Brusetbrua. I denne sona er det teke heile 28 laksar på til saman 149 kg så langt.

JohanNygård_5721

Johan Nygård tok to laksr på ei lita ettermiddagsøkt!  Foto: Jon Olav Ørsal

I skrivande stund er det 24,0 m3/sek ved storfossen og har ligge på  mellom 25 og 35 m3/sek dei siste dagane etter ein topp på rundt 67 m3/sek rundt siste helg.  No i helga blir det ein stabil vêrtype og litt sol, før det dreg i gang med meir regn frå måndag og utover veka. Men det er da vel lovande for fisket med god vassføring i elva.