Forskinga gikk føre seg i eit prøvefelt ved Raubekkhølen..  Foto: Jon Olav Ørsal

Forska på fisking med strøm

Måndag hadde Toåa besøk av 5 forskarar fra NINA – Norsk Institutt for naturforskning. Dei har eit forsningsprosjekt som går på ledeevne for elektrisk straum i vatn, med variasjonar i forskjellige temperaturar, fortalte forskningsleiar Gunnbjørn Bremset.  Dei brukar nemleg eletrisitet til å fange smolt og yngel, og i den samanheng er det viktig å vite kor mange ein går glipp av. Derfor er det viktig å forske på metodar og finne samanhengar i vasskvalitet, temperaturar osb.Forskarane tok lunchpause i bilen medan ei regnbyge passerte. Frå venstre Gunnbjørn Bremset, Randi Saksgård, Jan Gunnar jensås, Laila Saksgård og Eva Ulvan. Foto: Jon Olav Ørsal

Måndag var vasstemperatuen på 13,9 grader i prøvefeltet som ligg nedafor Raubekkhølen, like ovafor Hengbrua i Brusetmarka.  Det er litt i underkant av det dei hadde håpa på, etter som temperaturen var rund 20 grader i forrige veke. Det vart sett opp to nett over elva, og «fisket» føregikk i feltet mellom dei to netta. Det var overraskane mykje smølt og yngel i dette felte, og det var i første fangsten fanga eit 30-40 av 3-4 forskellige årgangar. Årsyngelen var ikkje meir en et par cm lang, medan den største som var er aureyngel var ca 14 cm lang.

Lite vatn i elva no, - i skrivande stund er det 1,02 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Lite vatn i elva no, – i skrivande stund er det 1,02 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. Foto: Jon Olav Ørsal

Liknande testfiske har føregått i andre elvar, både i Trøndelag og på Møre, der forskningsfiske mellom anna har føregått i Vindøla.