Styremøte i Todalen elveeigarlag.  Fra venstre Tove T. Brøndbo, Gudmund Hyldbakk, Asbjørn Karlsen, Kjell Øyen og Håvard Halset.   Foto: Jon Olav Ørsal

Begrensninger i fisket – freder holaksen

Før fiskesesongen starta har direktoratet bebuda midtsesongevaluering, slik som det har vore dei siste åra i Toåa. Leiar i Todalen elveeigarlag, Asbjørn Karlsen, fortel at styret har utført pålagt midtsesongevaluering.  – Det har vore bra fiske i årets sesong, mange fiskarar og stor vassføring i elva.  Styret føler at det no er behov for å innføre begrensning i fisket etter stor laks – spesielt holaks.

Derfor tek no styret i Todalen elveeigarlag grep for å begrense uttaket i andre halvdel av sesongen. Endringa som blir gjort etter midtsesongevalueringa 15. juli får som konsekvens at all holaks blir freda og skal difor gjenutsettes.  I tillegg skal all laks over 75 cm gjenutsettes. Forutsetning for at laksen skal gjenutsettes er at den er uskadd og at den ikkje blør.

Midtvegs i sesongen er resultatet av årets laksefiske i Toåa veldig bra – pr 11. juli er det tilsaman teke 71 laks på til saman 320,9 kg.  Pr. dato er altså gjennomsnittsvekta på 4,5 kg.  Av den totale fangsten er det 22,5%  – eller 16 laksar som er sett ut på nytt og som har fått ein «ny sjanse». Til saman er det totalt 11 laksar som er over 7 kg – såkalla storlaks.